Himmelen Finst
Det er nesten som eg huske tilbake til søndagskulen då me fekk høyra historier om Adam og Eva, Moses, David som møtte Goliat, og vidare til Det Nye Testamentet. Men det største spørsmålet som har fulgt meg heile livet, er ka egentlig Himmelen er for noko?
Det er ikkje nødvendigvis noko eg har grubla så veldig mykje øve, men når ein høyre ordet, så gjer ein seg fort nokre tanker. For som barn forestilte eg meg kanskje ting ut i frå illustrasjonar i bøker. Det kunne vera storstilte, romeraktige bygninger i et vakkert landskap, omgitt av grønne enger og kvite skyer. Det er vel først no dei siste par åra eg virkelig har prøvd å forstå ka Himmelen faktisk er.
Ja, eg skal dø. Men det skal jo alle. Det er berre det at eg veit godt det kan skje meg innen få år, men innstillinga er jo sjølvsagt at eg skal bli frisk. Det er berre det at min veg fram til å bli frisk er litt meir kronglete enn andre som har hakket bedre prognoser enn meg. No skal ikkje eg sanke sympati, for veit du ka? Eg vil påstå eg har det bedre enn dei fleste. Eg har det mentalt veldig bra, fysisk har eg mulighet til å bygge meg meir opp, og maten lika eg litt for godt. Kanskje eg skulle hatt litt meir energi og søvn, men skulle eg sove dårlig ei natt, så finn eg berre fram til mitt skjønne, lille heimekontor, sette meg ned å gjer noko sprell på Facebook, eller planlegger arbeidsdagen, musikk, eller berre surfar.
Kunstig intelligens har blitt ein ny venn av meg. Du veit, han derre ChatGPT. Eg kjenne eg har blitt mykje meir lærelysten det siste året. Sulten på meir kunnskap, og vokte meir mine ord. Det kan vera kunnskap innen medisin (naturlig nok), musikk og studio, tømrerfaget, lover, politikk, produktvurderinger…..veldig mykje vertfall. Løye kor mykje enklare det er å finne svar no enn før. Skulle sjølvsagt ønske at KI ikkje tok så mykje plass i musikkbransjen, men den har faktisk hjelpt meg litt på veg der òg, som er ein anna historie (hint; Walking Fields).
I tillegg til det overnevnte, har KI framstilt fantasivideoer og bilder av ka Himmelen kan sjå ut som. Og den grafikken er rett og slett heilt anna en blyantstreker frå barnebøkene. No snakka me ultra-super-høg-definerbare videoklipp som virkelig får fantasien til å spinna. Og hvis ein kombinere denne fantasien med det Vår Herre Jesus Kristus har beskrive Hans Kongerike, så blir livet på Jorda mykje enklare å gjennomføre.
Men ka skjer liksom, då? Går me berre der og slenge? Bader i fosser, laguner og fontener? Vandre i ring sammen med andre kjente? Ete oss god og mett sammen med Vår Far?
På ungdomsskulen hadde eg ei framføring om ein teori om at det fins parallelle univers. At når me er ferdig på Jorda, leve me trulig vidare ein anna plass i universet. Den teorien er ikkje langt fra «sannheten» skal me tru mennesker som hevde dei har vore der under koma eller nær-døden-hendelser. Men det eg syns er fascinerande, er at historier eg har hørt frå kanskje 5-6 forskjellige, ligna utrulig mykje på kvarandre. Dei beskrive følgende: farger som ikkje er målbare med dei me allerede kjenner til, men at fargane er sterkare og mykje finere. Dei kjente ikkje noko anna enn glede og kjærlighet, som òg var veldig forsterka. Dei kunne ikkje huske at det fanst noko anna liv dei kom frå. Dei såg andre bortkomne kjente. Dei var mette og glade, og det var litt som at alt svevde. Og då dei kom tilbake til virkeligheten, så vart dei alle like forvirra om kor dei egentlig var, for tilstanden dei hadde havna i, virka FOR ekte.
Dette kan minne litt om det Jesus sa; at hos Faderen er det ikkje savn etter livet på Jorda. Alle har husrom. Ein er alltid mett, og kjenner kun glede og kjærlighet. Det er ikkje noko form for tid i Himmelen.
Himmelen er på ein måte ein tilstand som underbevisstheten tar oss med til.
Så, korleis virker dette i praksis? Her slår fantasien min seg heilt laus, og basere det på summen av alle inntrykk eg har fått fra bøker, filmer, og Bibelen.
For eksempel:
1. «21 grams» er ein dramafilm fra 90-tallet som bygger på teorien om at kroppsvekta blir redusert med 21 gram idet mennesket dør. Noko som igjen sterkt indikere at det er snakk om sjela som forlate kroppen. Dette har fått meg til å spinne vidare på tanken om at me mennesker er ei sjel som har fått ei drakt eller kropp som gjer oss intelligens og fysiske muligheter.
2. Boka om hjernekirurgen, Eben Alexander, som havna i koma i 10 dager etter å ha fått påvist hjernehinnebetennelse. Der han beskriv tilstanden som nærmast FOR virkelig, han òg. Flotte farger, følelsen av kjærlighet, ingen frykt, savn eller smerte.
3. Klipp på sosiale media der mennesker står fram og forteller om akkurat samme hendelser etter nær-døden-hendelser….
Så ikkje berre kanskje er det noko i dette, men det ER noko i dette. Og det som er så fint, er at ingenting kan bevise eller motbevise det. Det er ka me sjøl velge å tru på.
Har du noko gong hatt ein drøm som føltes så ekte at du nesten var litt skremt når du våkna? Og har du nokon gong vært litt forundra over kvilen du kanskje hadde på sofaen som vart i 10 minutter, men drømmen handla om ei lang og detaljert reise som må ha tatt minst 15 timer? Det er noko avansert som skjer med hjernen eller underbevisstheten. Har dette noko med å gjere at me berre bruker 10% av hjernekapasiteten?
Men ka skjer vidare frå når sjela forlater kroppen? Den ser me nok ikkje. Og den «reiser» til ein anna dimensjon, også kalt multivers. Og folkens, hold deg fast; eg trur at universet er så ufattelig stort av den enkle grunn at me ikkje skal vite kor stort det faktisk er. For hvis me finn ein teknologi som gjer det mulig å leite langt og raskt nok, så ende me kanskje opp med å finne oss sjøl i et parallelt multivers. Resten må nesten vitenskapsfolk forklare. Men ser du tegninga her? Og min teori om at teknologien ingen ende vil ta, og berre Herren veit kor langt me vil ta den, bekrefte at det mest utenkelig og vitenskapelig umulige faktisk er mulig. Tungt å forestille seg dette, og sikkert lese også, men eg har tenkt det gjennom nøye :-) Ein kan nesten lure litt på om me allerede lever i kvart vårt multivers allerede no! Det som også skal nevnast, er at dersom ein dør ung, så får ein muligheten til å reise til denne parallelle verden, og fortsette livet. Og hvis du er av den eldre sorten, så komme du til Himmelriket….. vart litt klussete dette her no. Uansett har Herren ein plan for oss, som kanskje gjer at me får velge kor me skal etter livet på Jorda. Eg overlate resten til Han, eg.
Korfor er det så viktig for meg å vite at Himmelen, eller kall det gjerne tilstanden, finst? Jo, då får eg mykje bedre livskvalitet her på Jorda. At eg blir tatt hånd om uansett ka som skjer. Eg kan leve her i uvisshet og uten frykt. Eg kan trøste og gje kjærlighet til dei rundt meg med ord som gjer både tyngde, kraft og et snev av sannhet. Og ikkje minst kan eg fokusere på dagen, og ikkje neste dag. Leve livet på reisa, og ikkje tenke på destinasjonen.
Eg liker svært godt å filosofere. Ein dag vil eg gjerne høyre din teori, sjøl om min teori er rett…..for meg :-)



