Livskvalitet

10.12.2025

Eg får lov til å skriva ein ny desember. Nok ei førjulstid. Forrige desember var eg så optimistisk, og glad for det dei siste CT-bildene viste. Då var det kun nokre få, knapt synlige prikker på leveren, og eg tenkte at no skulle dette faenskapet endelig utav kroppen min. Men nei. Dette skulle vise seg å vera ein meir komplisert sjukdom. Eg starta med isbading, og eg fekk til og med snakka meg fram til ein kirurgi. Men kirurgi vart det ikkje, og isbading har «berre» vore til hjelp mot sterkare sinn, og kanskje bedre immunforsvar. I skrivande stund sitte eg på Flesland. Eg skal delta i et studie der Ahus har regien. Dei skal ta tumorvevsprøver fra leveren min, og teste dette ut i laboratorie for å sjå om andre typer cellegift kan ta knekken på min krefttype. Sjølvsagt har eg klart å pådra meg bronkitt, eller lungebetennelse…..me er ikkje heilt sikker. Men eg går på antibiotika for eit eller anna. Ja, og så neglerotbetennelse har forfulgt meg gjennom hausten. Ja, det er grådig synd i meg (men tankane mine går meir til dei som har stein i skoen). I romjula er det i gang med ny linje cellegift, for den eg gjekk på tidligere virka ikkje lengre, eller, virka dårligare. Men legen er veldig positiv til denne medisinen eg no skal i gong med. Her er det fortsatt snakk om sjukdomskontroll, og ikkje kur…..men mirakel kan sjølvsagt skje.

Eg har hengt meg veldig opp i det kreftlegen sa til meg på det aller første møtet i mai 2024. Ho nevnte ordene «livsforlengende medisinering» og «livskvalitet». Og nettopp det sistnevnte er det eg har tygd så mykje på. Sjukdom eller ei, så måtte eg begynne å ta meg sammen, og begynne å kjenne på at eg leve, og sette meir pris på ting. For fram til våren 2024 var jo livet mest kaotisk og jagete. Ja, eg visste ka eg hadde rundt meg, men tok meg aldri tid til å nyte det, eller tenke over det. Det var liksom ein selvfølge. Så den siste tida har eg brukt på blant anna å reflektere, nyte, og tenkt som så at uansett ka som skjer med meg der framme, så skal eg ikkje legge meg ned, men bruke denne gåva av eit liv, og leva. Eg skal alltid vera realistisk, men eg skal vera den sterke og livsglade. Eg er ikkje redd eller bekymra. Men tårene kjem lett når eg merka andre sin bekymring. Eg må alltid framstå sterk, og minne folk på at eg er her framleis. I dag, og ganske sikkert i morgen. Noko meir treng me ikkje veta no. Ka som har skapt oss sånn, egentlig? At me heile tida må veta ka som skjer til alle tider? Det var et retorisk spørsmål. Svaret er jag, forventningspress, penger, drømmer…..alt det som stride mot min nye filosofi, nemlig å få tida til å stå meir stille, eller det å kjenne på tida, ikkje få den til å gå raskare.

Sjølv om eg veit at muligheten for å bli frisk er grådig liten, så har tanken slått meg av og til: kven blir eg hvis eg blir frisk? Er det tilbake til den eg var for par år sidan? Eller tar eg med meg alt eg har lært om meg sjølv, menneskesinnet, synet på andre, osv? Ein ting er garantert; eg tar med meg Herren uansett kor eg går.

Eg snakka med ein fin fyr på min alder tidligare i haust som har vore gjennom tøffe tak dei siste åra. Eg spurte han om kva verktøy han har tatt i bruk for å komme seg opp av gjørma og fram i livet. Han har fått kjempegod hjelp frå profesjonelle til å takle seg sjølv og korleis takle ein ny kvardag. Han spurte meg tilbake; «ka verktøy har DU tatt i bruk då, Børje?». Eg svarte med stolthet, uten å nøle; «Herren viste seg for meg i fjor sommar». Han er gratis, og veit best. Og no skal eg prøve å forklare korleis dette skjedde.

Det starta med at etter at eg klarte å reise meg gradvis frå djupet, så vågde eg å sjå meir og meir på mobilen. Sjå litt forsiktig på facebook og tiktok. Etter kvart som eg skrolla meg gjennom tiktok, så dukka det plutselig opp visdomsord på amerikansk. Det kunne vera Morgan Freeman som sa noko som «Me lide meir i vår fantasi enn i virkeligheten». Eller ein anna som sa noko som "Visste du at du har 2 liv? Og at det andre livet starta når du innser du berre hadde ett?»

Sånne visdomsord kom det meir og meir av på feeden min på tiktok. Og visdomsord vart til bibelvers, riktig nok på amerikansk, men dei ga så mykje meining. Og etter ei lita stund skaffa eg meg Det Nye Testamentet. Eg bladde opp i den etter kvart som desse amerikanske bibelversa dukka opp, for å sjå korleis dei kunne tolkast på norsk. Eg begynte til og med å følge med på ein serie om livet til Jesus, dei siste leveåra Hans før han vart dømd og korsfesta. Det visuelle har alltid gjort sterkare inntrykk på meg. Og veldig fint for meg, som kanskje ikkje har forstått Bibelen så godt før, men kunne trekke paralleller til den Hellige skrifta.

Så, dei visdomsorda på tiktok vart plutselig bibelvers.

"Come to me, all you who are weary and burdened, and I will give you rest. Take my yoke upon you and learn from me, for I am gentle and humble in heart, and you will find rest for your souls. For my yoke is easy and my burden is light".

For meg betydde dette at eg kunne legge bekymringene mine i fanget til Herren, så eg kunne slappe av dag for dag og la Han bane veg for meg gjennom krisa.

Dette er ein viktig moral å ta med seg, at det ein ikkje får gjort noko med, må ein berre la ligga.

Eg har fått laga meg ein caps, der det står 8:18. Det er frå Romerbrevet som heiter noko som «det som du står i no, kan ikkje målast med den gleden som kjem etterpå».

Eg innser meir og meir kor sårt menneskesinnet er, og kor lett det er å komme på avveie. Men hvis ein lese dei riktige orda, meditere eller ber, så er sjansen for å mestre dei vonde tankane mykje mykje bedre.

Summen av alt eg har jobba meg gjennom mentalt, har gjort at eg har kunna spele golf med gode venner, musikk sammen med Walking Fields, vært på jobb, vært med på arrangement med jobben. Gå på jakt i høge fjellheimar. Eg kan vera familiefar og ektemann. Eg kan sjå solskinn når det er mørkt og trist. Eg kan le og grine sammen med mi fantastiske kona. Kjenne dei nydelige klemmane frå ungane mine. Og no er det høg julefaktor i heimen, og i hagane til naboane. DETTE er livskvalitet for meg.