Nytt venterom
Så var pausen over. Sida slutten på oktober 2024 har eg fått restaurert meg etter 6 månader med cellegift. Eg har opplevd nok ei flott adventstid sammen med familie og venner, og 2025 mottok eg med åpent sinn og åpne armer. Bildene frå CT viste ikkje heilt det som me hadde håpa på, men me visste jo at det kunne vera bevegelse på ein prikk eller tre. Dette er heldigvis ikkje dramatisk. Eg er berre bittelitt skuffa, fordi eg håpa så inderlig at det skulle gå fortare. Nok ein gong får eg det inn med teskjei kor komplisert slike sjukdommer kan vera. Men eg har mòtet oppe, og har det fortsatt bra :-)
No starta liksom ein ny kamp. Kampen handlar liksom ikkje om kun det psykiske, men også om å lese seg opp og ta eigarskap til kreftensjukdommen til nye høgder. No skal eg bli min egen pådrivar, og flikke litt på tale-tøyet. Eg må lære meg å ordlegge meg rett, og overbevise kreftlegen om at MIN plan er den rette.
Eg tok ein PET-scan utpå nyåret. Den ligna litt på CT, men eg fekk innsprøyta glukose med radioaktivt stoff i blodet like før scanninga. Då me leste av bildene par veker etterpå, skulle det lysa opp kvar i kroppen det skulle befinna seg enten kreft, arrvev eller infeksjoner. Og riktig nok lyste det opp par lymfeknutar ved luftrøret, og par knutar nedunder magen. Me bestilte kjapt biopsi for å sjekke lymfeknutane oppe ved luftrøret, som viste seg å vera negativ. Lymfene nedunder magen er mest sannsynlig negative også, då eg vart påvist med salmonella på omtrent samme tidspunkt. Så PET-scanninga var egentlig ugyldig.
No er me tilbake til utgangspunktet, og skal konsentrere oss om leveren.
Det er vår, og me kan krysse av april på kalenderen. Eg har hatt ein ubeskrivelig fin påske på fjellet sammen med min flotte familie. I motsetning til i fjor. Denne våren oppfatta eg som veldig sterk, men fin. Dei fargane eg ser, lydane, og luktane, er heilt magisk å ta innøve seg mtp at det vart brutalt frårøva ifrå meg i fjor på denne tida. Det å kjenna på kroppen den voldsomme kjærligheten til familien, maten, og ikkje minst naturen, gjer at livslysten og kampen gjer me så utrulig sterk. Det einaste som av og til drar meg ned i driten, er lite søvn. Men eg har verktøyet til å få meg oppatt.
I påsken var eg så heldig å få meg ein prat med ein forskar innen tarmkreft. Eg fekk, kort fortalt, ein anerkjennelse på det eg har planlagt oppi hovudet mitt sidan nyttår. Etter cellegift-kuren no til sommaren, skal me prøve å gå etter kreften med såkalla RFA-behandling (radiofrekvens-ablasjon). Då kan kirurgane føre inn sprøytespisser med varme-energi i leveren, og brenne vekk kreftvev. På min type kreft er dette ein effektiv behandling som kan enten ta kreften for godt, eller holde den vekke i lang tid. Dette er veldig oppløftande, og gjer ein fantastisk gnist i meg.
Så no sitte eg her forran pc`en, nyte ein kopp med grønn te, og vente på at eg skal komme meg til ferja, spele golf i nydelig vår-vèr med gode venner! Og i tankane har eg kun flotte, motiverande ting. Livet er egentlig bekymringsfritt, for ordet "bekymring" høyre framtida til, og framtida eksistere egentlig ikkje. Det er NO som gjelder!