Psyken er best

03.03.2026

Tidligare har eg skreve om at psyken var verst. Det er den absolutt ikkje no. Takke vera folka rundt meg, flinke folk i helsevesenet, maten, mosjonen, og sjølvsagt sjølvaste Herren. 

Men no har eg ein oppfordring til mitt flotte publikum. Me leser dessverre ofte i avisene at stadig yngre mennesker taper kampen mot denne fryktelege sjukdommen. Men vit at alle tilfeller er ulike! Og media skriv heller ikkje om alle dei som overlever. Då hadde dei måtta levere med ekstra-eksemplar kvar dag. Uansett, me veit ikkje ka underliggande sjukdommar dei andre pasientane hadde, og heller ikkje ka psykisk tilstand dei var i, eller ka dei gjorde for å halde kroppen i fysisk god form. Eg meiner jo at kosthold også er grådig viktig for å forebygga immunforsvaret best mulig når eg får medisin. Det finns ingen dokumentert oppskrift på å blir kreftfri frå stadie 4. Men ein ting er heilt sikkert; man har mykje bedre sjans å vinne kampen hvis man tenke på fysisk og psykisk helse. Det gjelder alle typer sjukdommar og gjerne plager. Og skulle det IKKJE virke, så har man hvertfall prøvd. Mitt mål er å prøve det som prøvast kan, og ikkje minst prøve det eg kan av behandlinger og presse litt ekstra på helsevesenet. Dei er der for oss pasienter, og er ikkje eksperter dei heller, men dei er viktige lyttarar og resept-forfattarar. 

Min psyke og fysikk er veldig bra, vil eg påstå. Eg har ikkje gløymt ka eg er gjennom. Men fokuset mitt er meg sjøl, familien, jobb, musikk, golf, friluftslivet, og til slutt sjukdommen......ja, det blir litt mykje meg- -meg-meg-meg. Kanskje noko som ikkje har forandra seg mykje sidan FØR sjukdommen heller, men eg velge å tru eg er ein god person. Eg har mine meiningar om ting, men er ganske kjærlig blitt.

Hvis rekkefølga nevnt over blir ivaretatt, så vil eg absolutt få det bedre hvis/når eg skulle bli kreftfri. Det er jammen mange som plagast i ettertid med vonde ledd, nevropati, og kanskje post-traumer. Og då er det ekstra viktig å ta med seg det man lærte under behandlinga. 

Så, tilbake til oppfordringa. Ikkje bekymre deg så mykje for meg, men eg er utrulig takknemlig for vennlige blikk og samtaler, meldinger, invitasjoner, og ikkje minst at mi flotte kone og barn blir tenkt på i denne situasjonen. Eg er ganske åpen om livssituasjonen vår, og eg skal holde dei fleste oppdatert. 

Til deg som kjenner ein, ei, eller eit, som kunne tenke seg å prate med meg, og som er litt i samme situasjon, ta gjerne kontakt. Eg er ein realistisk og optimistisk person med kjærlige intensjoner :-)