Viktige Vers

For å finne indre ro, så kjem eg av og til på visdomsord sjøl, eller eg plukke med meg viktige vers frå bibelen. Skal prøve å samle dei her på eit eget innlegg, men dei vil nok kanskje dukke opp i andre innlegg òg.
Sjølvlaga:
"Det er hos dei gode j#vlane klemmane sette spor"
"I frå lufta høyre du ikkje lyden frå bakken"
Forklaring: At man må sjå seg sjølv i frå lufta for litt pause hvis stegene er tunge å gå
"Når nattemørket kjem, la lyset stå på i gangen, så det alltid vil vera et lysglimt innpå soverommet når du våkne i mørket"
Har du sett filmen "Passion of the Christ" ? Legg merke til pininga, lidelsen, men ikkje minst styrken og kjærligheten vår Herre likevel gjer til dei rundt seg, sjøl om han blir hata, spytta på, og håna. Midt oppi all smerten Han har der Han heng på korset, og dør for oss, berre for at me skal ha et liv på Jorda, der Han alltid er med oss.....tygg litt på den..... DÅ skal eg klare å stå i min sjukdom, som tross alt ikkje gjer meg så mykje fysisk smerte enno. Men òg det faktum at eg kan gå gjennom dette med sjølvaste Jesus i mitt nærver. Amen.
Frå Det nye testamentet:
Johannes 13:7 "Det eg gjer, vil du ikkje forstå no, men du skal forstå seinare."
Matteus 28:20 "Hugs at eg alltid er med Dykk, til ende av tida"
Romerane 8:18 "Eg meiner at det me må lide i den tida som er no, ikkje kan reknast for noko den herlegheita som ein gong skal åpenbarast og bli vår"
Matteus 11:27-28 "Kom til meg, alle Dykk som streve og bære tunge byrder, og eg vil gje Dykk kvile. Ta mitt åk på Dykk og lær av meg, så skal Dykk finna kvile og fred i Dykkar sjel. For mitt åk er godt, og min byrde er lett.»
Matteus 7:7 "Be, så skal dere få. Let, så skal dere finne. Bank på, så skal det bli lukket opp for dere."
Ein stad i Bibelen står det noko så fantastisk som "Stopp opp og nyt Guds under". Eg skal leite litt og finne riktig vers.
For dei som ønske å finne trøst i slike handliger, og vil sjå ein herleg og nyinnspelt serie om Jesu liv og handlinger, så anbefale eg serien "The Chosen". Den kan sjåast gratis på egen app (evt på Netflix) Finansiert av private donasjoner :-)
BOK-ANBEFALINGER
"Seier" Ragne S. Kaupang
"Selvforsvar mot kreft" Øyvind Torp
"Himmelen finnes" Eben Alexander
- Verden er vakker (B.Eidsvåg)
- Det får komma det som kommer
- Det får skje det som ska skje
- Når tiå her e omme så e det det den e
- Men me gir oss ikkje før det
- Me legg oss ikkje ned
- Me leve og me tørr det
- For me like oss godt her
- Så syng oss ein sang om himmel og hav
- Om blomster og skogar og fjell
- Verden e vakker og livet ein gave
- Og me vil ver våken til seine kveld
- Det får komma det som komme
- Det får skje det som skal skje
- Og intill alt e omme
- Skal me sannelig vær med
Neven (Av Jimmy Øvredal)
Eg går gjennom lyng og bregner,
og kjenner ei hand i mi;
kjenner kor fingrane klemmer
seg trygge og faste i mi.
Eg kjenner den vesle krafta
som ligg i barnehand
som fylgjer med blind i truskap
inn i eit ukjent land.
Neven er veik og liten,
men trua er sterk og stor,
om morgonen full av glade
og enkle, små barneord.
Sola står høgt, og blomar
står raude på barnekinn
mens bitte små støvlar tassar
ved sida av foten min.
Udrande, rare spørsmål
om biller og blom og bær
trillar or barnemunnen,
som boblar og syng og ler:
«Kvifor er bæra raude
når blomen er kvit som snø?
Og kven har sett lange venger
på fuglar og turrefrø?»
Kvifor står bjørka naken
mens me treng vottar på,
men kler seg i grøne trøyer
når folk hive kleda tå?
Men besten, – sjå kvite myra
som ropar forutan ord,
og gaper med svarte munnen sin – stappandefull av jord?
Og besten, – må hjorten grina
når kalven blir skoten frå?
Men kvifor er vinden sterkast
når nymånen ligg på skrå?
Og korleis kan mauren finna
tilbake til tua si?
Er det eit fjell som pustar
når vinden tek kraftig i?
Heimatt i gråa kvelden
stilnar ein barnemunn
og undrast på mangt og mykje
før augo får natteblund.
Men der under stjernekvelven
kjenner eg grepet i
ein veldig, usynleg neve
som fylgjer ved sida mi – .
Store og trygge hender
er gode å halde i
både for små og store,
mens dagane rek forbi.
Utan ei hand ved sida,
som hjelper og tryggjer deg,
kjenner du deg åleine
bortanfor stig og veg –
